Du har 2.000,- igjen til fri frakt (NB! Gjelder ikke større maskiner)

Autagro kjøper Torland Maskin

Autagro kjøper aksjane i Torland Maskin som held til på Nærbø, dermed har Autagro Årdal og Autagro Møgedal styrka selskapet sin posisjon i regionen.
Autagro i Årdal kjøper nå 100 prosent av aksjene i Torland Maskin AS som held til på Nærbø. Nye eigarar er ei strategisk tiltak for å sikre framtida til bedrifta som har lange tradisjoner på Jæren. Dermed blir Torland Maskin ein del av selskapet som i dag består av Autagro Årdal og Autagro Møgedal.

– Dette er ein prosess som har foregått over lenger tid. Selskapet vårt er familieigd, og saman har me måtta sjå på kva me ynskjer for framtida. Me kjem fram til at me ønska at nokre andre skulle ta over, både for å sikre framtida for dei tilsette, og ikkje minst for alle dei gode kundane våre som me over tid har bygd opp lange og gode relasjonar med, seier Torleif Torland.

– Når me bestemte oss for at nokre andre skulle overta bedrifta, så var det viktig for oss å finne kjøparar som me trur kan vidareføre og utvikle drifta på ein seriøs og god måte.

Strategisk god løysing

Årdalselskapet Autagro Holding AS kjøper nå 100 prosent av aksjane i Torland Maskin AS.

– Me ser på dette som ei strategisk og marknadsmessig god løysing. Når Toralf og Torleif Torland kom til oss for å sikre ei løysing for framtida til Torland Maskin, blei me umiddelbart veldig interesserte, seier Arne Håkon Riskedal, styreleiar i Autagro Holding AS.

– Den solide butikken som Torland har bygd opp gir eit utruleg godt utgangspunkt for vår vidare satsing i regionen. At me allereie er forhandlarar saman i Norwegian Agro Machinery AS, og at me lokalt i marknaden grensar mot kvarandre gjer at me vil kunne utnytte endå fleire synergiar i den tøffe marknaden, som landbruksmaskinbransjen trass alt er.

Satsar vidare - treng fleire tilsette

– Me har stor tru på kompetansen og erfaringa me har bygd oss opp over fleire tiår i denne bransjen, på produktporteføljen vår, og ikkje minst på landbruket i regionen vår. Forutsetningane for å drive landbruk på Jæren er utvilsomt gode, og Jærbonden har i generasjonar vist at gjennom nitidig og hardt arbeid, innovasjon og effektivisering, så er det ikkje tilfeldigheiter som gjer at regionen blir kalla for Noregs matfat. Me ynsker å vere til stade lokalt i dette smørauga, og kjem til å fortsetje å jobbe for å bli den føretrukne leverandøren av landbruksmaskinar til endå flerie dyktige bønder, seier Riskedal.

–Toralf og Torleif Torland blir å treffe ein periode til i lokala på Nærbø, men me har behov for meir ressursar ganske umiddelbart. Difor kjem me fortløpande til å søkje etter ein dagleg leiar som skal ha hovudansvaret for drifta av selskapet, og ne har parallelt behov for tilsette på både sal og service så snart som mogleg, så her er det moglegheiter for å bli ein del av eit lag som har ambisjonar og føresetnadar for å nå dei, slår han fast.

Også dagleg leiar i Norwegian Agro, Jarle Kleppen gler seg over utviklinga hjå Torland Maskin.

– Me ynskjer å takke Torland Maskin for den innsatsen dei har lagt ned for alle kundane i distriktet opp gjennom åra. Dei har ein solid og verdifull kompetanse som har sikra lønnsemd i maskininvesteringar ved at dei stiller opp når maskinar har hatt behov for deira innsats. Når Autagro kjem inn som eigarar vil det sikre vidareføring til beste for tilsette, kundar og Norwegian Agro. Me ynsker dei velkommen med eit utvida samarbeid, som dekker eit viktig distrikt for oss og våre leverandørar i Noreg, seier han.