Laurdag 3. oktober blir det både folkefest og musikalsk høgdepunkt når Inger Lise Hope kjem til Haustmarknaden hjå Autagro Møgedal. Etter eitt års pause er den tradisjonsrike marknaden tilbake – med lokalmat, handverk, landbruk, aktivitetar og underhaldning for heile familien.

– Me merkar at folk har sakna denne dagen. Haustmarknaden er ein samlingsplass for heile regionen, ikkje berre for suldølane. Han sit litt i ryggmargen på folk., seier dagleg leiar i Autagro Møgedal, Hallvard Finnvik

Haustmarknaden i Suldal har i fleire tiår vore ein naturleg møtestad den første helga i oktober. Her samlast fastbuande, hyttefolk og tilreisande til ein dag med gode matopplevingar, lokale utstillarar og aktivitetar for både små og store.

Ein dag som famnar breitt

Autagro Møgedal arrangerer marknaden i samarbeid med handelsstanden og Suldal kommune. Gjennom åra har arrangementet vakse til å bli eitt av dei største og mest tradisjonsrike i regionen, med titals utstillarar og eit program som kombinerer marknadsliv, aktivitetar og underhaldning.

Dette er ein sosial og triveleg dag som famnar breitt. Det handlar ikkje berre om landbruk, her er det noko for alle. Me ønskjer å skape ein plass folk har lyst til å kome tilbake til, seier Finnvik.

BILETE: Folkemengda på Haustmarknaden Bildetekst: «Haustmarknaden samlar folk frå heile regionen.» Foto: Judith Sørhus Litlehamar.

Gler seg til stemninga i Suldal

For Inger Lise Hope er det nettopp møtet med folk som betyr mest.
Den populære artisten har reist landet rundt med musikken dei siste åra, og set stor pris på dei nære konsertopplevingane.

– Det eg gler meg aller mest til, er stemninga og folka. Det er noko heilt spesielt med slike arrangement der heile bygda samlast, og der ein verkeleg kjenner på nærleiken og engasjementet frå publikum, seier Hope.

Ho legg til at kontakten med publikum gjer dei lange reisedagane verdt det:

– Eg trur aldri eg kjem til å ta for gitt at folk faktisk kjem for å høyre på meg synge. Det er mykje reising og lange dagar, men det er absolutt verdt det når ein står på scena og kjenner kontakten med publikum.

Inger Lise Hope

Midt i eit stort musikkprosjekt

Denne våren og sommaren arbeider Hope med eit stort prosjekt saman med Stavanger Symfoniorkester.

– Eg held på med innspeling av eit album saman med Stavanger Symfoniorkester, og det er noko eg har drøymt om lenge. Samtidig blir det mange konsertar rundt om i landet, så det er travelt – men på den best moglege måten.

Musikken er framleis den største drivkrafta hennar.

– Musikk er måten eg får uttrykt ting på. Og det betyr enormt mykje når songar kan gi andre håp, trøyst eller eit lite pusterom i kvardagen.

Lokalmat, handverk og aktivitetar

Haustmarknaden er meir enn konserten. Finnvik håpar på stor aktivitet frå både lokale produsentar og leverandørar, og ønskjer særleg å løfte fram lokalmat og handverk.

– Det finst ikkje så mange arenaer der dei får vist seg fram på denne måten. Publikum kan òg vente seg gode tilbod, aktivitetar for heile familien og mykje god mat, seier han.

Heile gjengen hjå Autagro Møgedal gler seg til å ønskje publikum velkommen tilbake.

Praktisk informasjon

  • Kva: Haustmarknaden i Suldal
  • Når: Laurdag 3. oktober 2026
  • Kvar: Autagro Møgedal
  • Program: Konsert med Inger Lise Hope, lokalmat, handverk, landbruk, aktivitetar og gode tilbod
Tilbake
wpChatIcon
wpChatIcon