Reglane gjeld for alle utstillarar på Haustmarknaden på Sand.
- Søknadsfristen er 9. september. Når plassen er stadfesta, er påmeldinga bindande, og standleiga blir kravd inn i sin heilskap. Unntak gjeld ved sjukdom med legeattest, eller dersom arrangøren finn ein annan utstillar som oppfyller kriteria.
- Berre varer og produkt som er melde på, kan stillast ut. Utstillarar som sel matvarer, må vere godkjende av Mattilsynet. Lag og organisasjonar må setje seg inn i gjeldande hygienekrav ved servering av næringsmiddel.
- Prioriterte salsprodukt er tradisjonshandverk, lokalmat, produkt frå landbruket, husflid og anna handarbeid. Arrangøren avgjer kven som kan delta og sørgjer for eit mangfald av standar.
- Organisasjonar som ønskjer å selje lodd, må søkje om løyve og ha godkjenning frå politiet før marknadsdagen.
- Det er ikkje tillate å dele ut reklamemateriell som ikkje gjeld varene du sel.
- Stand- og serveringsplassar skal vere bemanna når marknaden er open, og skal ikkje demonterast før marknaden er avslutta. Brot på regelen medfører eit ekstra gebyr på kr 1 000.
- Utstillarane må sjølve sørgje for nødvendige forsikringar ved tjuveri eller hærverk.
- Standplassen skal leverast rydda og fri for dekorasjonar, spikrar og liknande. Utstillaren er ansvarleg for skadar utover vanleg slitasje.
- Alle utstillarar er bundne av reglementet. Arrangøren avgjer eventuelle tvistar om korleis reglementet skal forståast.
- Ferdsel og parkering skal skje i samsvar med arrangøren sine retningslinjer og på tilviste plassar.
- Arrangøren kan avlyse marknaden eller delar av marknaden ved force majeure eller andre forhold som gjer gjennomføring uråd. Ved slik avlysing fråskriv arrangøren seg ansvar for følgjene og har ikkje plikt til å betale tilbake førehandsbetalt leige.














